top of page

Benedicte Maurseth / Svein Tindberg//

ANDVAKE 2009

 

Benedicte Maurseth - hardingfele og vokal

Svein Tindberg - skodespel og tekstopplesing

Regi: Kjetil-Bang Hansen

 

I 2007 vann Benedicte Maurseth Intro-folk og vart kåra til «Årets unge folkemusikar» av Rikskonsertene. Som ein del av premien kunne Maurseth få velje seg ulike kunstnarlege prosjekt ho ville arbeide med.

På same tid var forfattaren Jon Fosse aktuell med boka Andvake, utgjeve av Det Norske Samlaget. Maurseth hadde saman med kollega og felemeister, Knut Hamre, spelt saman med Fosse sjølv ved fleire høve der han las opp. Gjennom dette samarbeidet fekk Maurseth ideen om å lage ei større førestilling ut av boka Andvake, og Rikskonsertene kontakta Det Norske Teater i Oslo om eit samarbeid.

Maurseth fekk såleis arbeide med skodespelar Svein Tindberg og regisør Kjetil-Bang Hansen om sceneversjonen Andvake. Maurseth vart også oppmoda av Rikskonsertene til å komponera ny folkemusikk til førestillinga, og Maurseth debuterte dimed også som komponist i denne samanheng.

Uroppføring av sceneversjonen Andvake hadde premiere i Januar 2009 ved Det Norske Teater og fekk strålande kritikkar i alle riksaviser. Etterpå turnera førestillinga med Rikskonsertene kring Noreg, og gjesta mellom anna Festspillene i Bergen og Fosse-dagane i Strandebarm. Etter å ha framført førestillinga om lag 40 gonger, vart prosjektet avslutta hausten 2009.

I ettertid har Maurseth halde fram med å komponere ny folkemusikk, og har gjeve ut musikken til Andvake på hennar fyrste solo-CD Alde, på plateselskapet Heilo / Grappa, i 2010.

CD-en vart sidan nominert til Folkelarmprisen i 2010 i kategorien solo-CD, og fekk jamt over svært gode kritikkar; der mellom anna det tyske musikkmagasinet Folk World kalla utgjevinga «a dream debut», og BBC Clasical Music Magazine, Bergens Tidene og Aftenposten gav CD-en terningkast 5.

bottom of page