top of page

Idea: 

Benedicte Maurseth

 

Text:

Jon Fosse, Morgon og Kveld (Morning and Night)

 

Director:

Hildegun Riise

 

Script adaptation: 

Hildegun Riise

 

Performers:

Anne Marit Jacobsen (actor)

Benedicte Maurseth (musician)

 

Composition:

Benedicte Maurseth

 

Visual art / scenography:

Åse Ljones

 

Light design, scenography:

Ingrid Tønder

 

Costume design:

Ingrid Tønder

 

Video design:

Ingrid Tønder

Klaus Kottman

Benedicte Maurseth / Anne Marit Jacobsen //

MORGON OG KVELD 2015

- Jon Fosse -

 

Jon Fosses kritikarroste roman Morgon og kveld handlar om Johannes. Om fødselen hans, livet og døden – eit streif av korleis det er å vere eit enkelt menneske på jorda. Vi trer inn i verda til Johannes som han sjølv gjorde det, gjennom fødselen og den første augeblinken han er lausriven frå mora. I inngangen til livet – morgon – og utgang – kveld – møter vi opplevingar og refleksjonar eit menneske har rundt livet og døden. For dette er ei framsyning om dei store universelle temaa, om tru, tvil, vennskap, einsemd, lengsel, redsel og kjærleik.

Skodespelar Anne Marit Jacobsen har ein stor kjærleik til Jon Fosses litteratur – og det er denne kjærleiken som no får romanen til scena. Regien er ved Fosses sambygding Hildegun Riise. Jacobsen og Riise nærmar seg det poetiske landskapet til Fosse i dialog med nykomponert musikk av felespelar Benedicte Maurseth. Morgon og kveld er ei av Anne Marit Jacobsens mange monologframsyningar ved Nationaltheatret, framsyningar som har begeistra både kritikarar og publikum.

Av den sterke litteraturen lærer ein å døy, ikkje å leva, har Jon Fosse uttalt. Og av Morgon og kveld kan vi kanskje gjere begge delar. Romanen fekk strålande kritikkar då han kom ut i 2000. Han blei kåra til éin av dei 25 beste norske romanane frå dei 25 siste åra og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Etterdønning / Reverberation. Composed and performed by Benedicte Maurseth for the stage version of Morning and Night at the National Theater, Oslo 2015. Released on the solo album Benedicte Maurseth (2019).

Etterdønning,_av_Benedicte_Maurseth_kopi
00:00 / 04:25

Og fargane skiftar på fjorden / And the colors shifts on the fjord. Composed and performed by Benedicte Maurseth for the stage version of Morning and Night at the National Theater, Oslo 2015. Released on the solo album Benedicte Maurseth (2019).

Og fargane skiftar paa fjorden_ And the colors shifts on the fjord_by Benedicte Maurseth.mBenedicte Maurseth
00:00 / 06:24

© 2017 Benedicte Maurseth - Design by tam tam

  • Facebook
bottom of page