top of page
Foto: Paal Audestad

Benedicte Maurseth / Ruth Lillegraven//

 

SIGD

– ein poetisk konsert

 

Benedicte Maurseth - hardingfele og vokal

Ruth Lillegraven - opplesing

den eine / etter den andre / vil bryne seg på / framandbjørnen / sjur i oppetun / lars i utetun /hans i midttun / dei gjev seg i kast / bryt og bender

 

Konserten er basert på diktsamlinga av Ruth Lillegraven.

 

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren – og fedrane før han. Som ung mann treff han Abelone, giftar seg med henne og overtek garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og lyt selje garden. Kven er han no? Og kva skal han leve for? Det er då bøkene kjem til han frå andre sida av havet, og tek han med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

 

Benedicte Maurseth er ein folkemusikar som i mange år har bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

 

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

 

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

.

bottom of page