Benedicte Maurseth / Anne Marit Jacobsen//

LETT REGN AV LYS

- Jon Fosse -

 

Benedicte Maurseth - hardingfele og vokal

Anne Marit Jaobsen - skodespel og tekstopplesing

 

Skodespelar Anne Marit Jacobsen og hardingfelespelar og songar Benedicte Maurseth har gjennom mange år samarbeidd i krysninga mellom poesi og musikk, og no nyleg med teatersuksessen «Morgon og kveld» av Jon Fosse ved Nationaltheatret i Oslo. Ei framsyning som hausta framifrå kritikkar og gjekk for fulle hus over ein toårsperiode.

I poesikonserten deira, «Lett regn av lys», vil Anne Marit Jacobsen framføra utdrag frå romanen «Morgon og kveld», i tillegg til annan poesi, prosa og essayistiske tekstar skrivne av diktaren Jon Fosse. Tekstar om kjærleik, lengt, om båtar som lek og må ausast, om bestemor Herdis som plukkar pærer i hagen, og Johannes som «no skal sjå verdsens lys» i fødselsaugneblinken i «Morgon og kveld».

 

Musikar og komponist Benedicte Maurseth spelar med sitt heilt eigne musikalske fingeravtrykk under og imellom tekstane, både gamle og nye slåttar, syng, diktar og improviserer fram klanglege fargar og stemningar til ein av verdas finaste poetar, lesen av ein av landets finaste skodespelarar.

© 2017 by tam tam