top of page
003cc86b-5400-4acf-a21b-ffe67be80343.jpg

Foto: Thor Brødreskift 

c725ba4f-0b2c-40d6-ab6f-a50dc61a03f4.jpg

Kjøp CD og bok:

Skjermbilde 2019-09-30 kl. 11.46.23.png

Poesikonsert med Hildegun Riise,

Benedicte Maurseth og Stein Urheim //

 

BLÅTT SVEV

- Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegun Riise om Fosses forfattarskap.

 

Med Blått svev inviterer ho til ein poesikveld der ho les dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. Utgangspunktet for konserten er plata dei tre slepper på same tid.

Jon Fosse skriv i mange sjangrar; romanar, teaterstykke, dikt, barnebøker, essay og kortprosa. Likevel er det som om alt heng saman på sitt eige, finstemte vis. I skrift sirklar diktaren inn menneska sine relasjonar til kvarandre og til verda. Hos Fosse handlar det ofte om å leite etter meining i tilværet. Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Jon Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skape. Og over den finst ein stor himmel. I alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske. Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vere gyldig i store delar av verda. 

Skodespelar og regissør Hildegun Riise, kjend frå Det Norske Teatret og større film og tv-produksjonar, er ansvarleg for tekstutvalet. Felespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi. I jubileumsåret for Jon Fosse vil dei samle og formidle nokre av hans finaste dikt i ei musikalsk innpakking. 

Om utvalet av dikt seier Hildegun Riise:

«Det har vore vanskeleg å skulle gjere eit utval blant alle sterke dikta i denne særeigne og sterke forfattarskapen. Eg har valt dikt som lenge har vore som skattar for meg, men også tekstar som har festa seg i meg gjennom dette arbeidet; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg.»

bottom of page