top of page
Foto: Paal Audestad

Gabriel Fliflet//

ÅRESONG 2010

- Jon Fosse -

 

Per Jørgensen - song og trompet

Benedicte Maurseth - song og hardingfele

Kristoffer Vogt - song og kontrabass

Stein Urheim - song og strengeinstrument

 

”Åresong” er eit tingingsverk til Festspillene i Bergen, og her møter vi eit mangfald av stemningar, mennesketypar og fenomen.

Jon Fosse sine dikt er som songar, og er skrivne for å bli sette tone til. Dei er lette og humoristiske, enkle og klare, og samtidig rommar dei djupner mot det vanskelege og alvorlege. Her er dikt om angst og splitting, aldring og drikking, og tonen er filosoferande og forsonande.

Desse nye dikta frå poeten Jon Fosse er tekstar å synge, bli glad i og kjenne seg att i.

 

Trekkspelaren Gabriel Fliflet er kjend for si smittande speleglede og stemningsfulle konsertar. Han skriv melodiøse tonar, der ettertanke og poesi vekslar med rytmiske energifelt.

Apple.png
bottom of page