top of page

Benedicte Maurseth //
 
SYSTERSPEL

Albumet Systerspel kuratert av Benedicte Maurseth, er meint som ein oppfølgjar til samlealbumet Meisterspel frå 1997 utgjeve på Heilo. Albumet Meisterspel vart den gong utgjeve i samband med boka Hardingfela, og inneheldt slåttespel framført av tjuetre ulike felespelarar, men der diverre ingen av dei utvalde utøvarane var kvinner.

Albumet Systerspel gjev denne gong plassen til spelekvinnene, og inneheld tidlegare utgjevne innspelingar med alt frå Kristiane Lund frå 1919, den fyrste spelekvinna som spelte inn hardingfele på grammofonplater, til Helga Myhr og hennar solo-album frå 2020. I tillegg kjem ei rekkje andre meisterspelarar som Signe Flatin Neset, Mari Eggen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Britt Pernille Frøholm med fleire.

Mange av spelekvinnene som er å høyra på albumet Systerspel, kan ein lese om i boka med same tittel.

Systerspel I og II inneheld innspelingar gjort mellom 1919 og 2020 av spelekvinnene Kristiane Lund, Sigrid Stubsveen, Borgny Eide Tallerås, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Britt Pernille Frøholm, Helga Myhr, Signe Flatin Neset, Åse Teigland, Brita Eldegard Nesje, Bergit Tjønn, Annbjørg Lien, Sarah-Jane Summers, Susanne Lundeng, Jenny Grønli Farestveit, Johanne Flottorp, Synnøve Bjørset, Honndalstausene, Ingeleiv Kjerland Kvammen, Gro Marie Svidal, Mari Eggen, Torbjørg Aas Gravalid, Ragnhild Furebotten, Ingebjørg Åkre Rysstad og Tone Li Mo.

bottom of page