top of page

BOOKS

 to read//

HCD7307.jpg
Slåttar Frå Granvin (2018)
- 4CD + book (Norwegian text only). TRAD

Benedicte Maurseth har har bidrege i boka "Slåttar Frå Granvin" av Knut Hamre. 

Eit ambisiøst prosjekt som syner den rike tradisjonen frå Granvin gjennom

Knut Hamres kunnskapsrike og tradisjonstru stil.

 

Les utdrag frå tekstinnhaldet her.

"Granvin er tvillaust ei av dei viktigaste folkemusikkbygder i Noreg, og har vore det lenge.”, skriv Benedicte Maurseth i føreordet til Slåttar frå Granvin. Framleis er det mange i bygda som spelar, og Knut Hamre (1952-) minnest frå oppveksten i Granvin på 1960-talet at han kunne gå inn nesten kvar han ville og høyra eller læra felespel. «Alle» hadde ei fele liggande, og det hende til og med at ein lodda ut feler på basar i staden for kaker. I den vesle bygda i Hardanger finst det nesten hundre slåttar knytte til staden, og mange av dei er blant dei fremste komposisjonar i hardingfelerepertoaret.

Knut Hamre

Knut Hamre har sidan 1980-talet gjeve ut mange kritikarroste plater, turnert over store delar av verda som solist og i samarbeid med andre kunstnarar. Han har vunne Landskappleiken i klasse A sju gonger og elles fått fleire høgthengande prisar. I 2017 vart han utnemnd til Kommandør av St. Olavs orden for framifrå innsats for norsk folkemusikk.

Han har i tillegg til eit aktivt og mangslungent liv som utøvande kunstnar, delt slåttekunnskapen sin – raust og utan atterhald – med tallause elevar, særleg i Hardanger, men også elles i inn- og utland. Han har også vore ei viktig kjelde og pådrivar for Hardanger Spelemannslag sidan midten av 1970-talet. Hans tilnærming til det tradisjonelle repertoaret har likevel alltid vore klår og todelt: Læremeisteren Knut vidarefører tradisjonen så sogerett han kan, slik han sjølv lærte det. Men oppmodar samstundes alltid elevane sine til å finna sin eigen signatur.

www.grappa.no

bottom of page