top of page

BOOKS

 to read//

Å vera ingenting (2014)
- Samtalar med spelemannen Knut Hamre

Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane i Granvin i Hardanger. Han stod utføre med felekassen i handa. Han berre måtte spela for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spela hardingfele og å læra spel vidare til nye generasjonar.

Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vera ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har i 24 år samanhengande vore Hamres elev og er i dag ein framifrå og velkjend felespelar. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa.

Dette er ei bok med samtalar om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk mellom meisterspelemannen Knut Hamre og hans elev, Benedicte Maurseth.

Boka har føreord av Jon Fosse.

www.samlaget.no

Frå bokslepp på Det Norske Teater, Oslo, mai 2014 (foto: Knut Utler)

bottom of page